Egil sin systemblogg

Innlegg kategoriserte som ‘Tips’

Korleis stripe eit band i ein SONY DSR1500

fredag, 1. februar, 2008 · Kommenter innlegget

dsr1500.jpg

 Mange har etterlyst ein skikkeleg bruksanvisning på dette

 Her kjem den endeleg: stripedsr1500.pdf

Kategoriar: Tips · VB
Merka som: ,

Back-up av Avid-prosjekt

tysdag, 9. oktober, 2007 · Kommenter innlegget

back-up.jpg

  • Start ”My Computer”

  • Finn prosjektet ditt, som er ei mappe med same namn som prosjektnamnet. Det skal ligga under F:\\Avid Projects\Ditt namn\… (Om du ikkje finn det der har du lagra det ein annan stad, og då må du leita…)
  • Kopier denne mappa til minnepinne e.l.
  • Ta den med deg…

 Dette bør du gjera…

  • …når du er ferdig med ei økt
  • …når du tek lunsj
  • …når du føler for det 

Med ein back-up kan prosjektet reddast sjølv om ein skulle oppleva ein alvorleg disk-krasj eller om noko anna utriveleg som sletter prosjektet skulle skje…

Kategoriar: Avid MC Adrenaline · Avid Studio · Redigeringsrom · Tips

Nyttig og informativt på Unity

torsdag, 18. januar, 2007 · Kommenter innlegget

fellesmatriale.jpg

I “Fellesmateriale” på Unity  har eg no lagt inn to nye og nyttige mapper.

Den eine er ein kopi av mappa “Manualer” som elles óg ligg på “:\\Betty\medie\”. Den andre, “Systemblogg-filer”, er ei samling med pdf-versjonar av nyttige postar frå denne bloggen.

Frå før av ligg fylgjande kjekke ting her:

  • “EncoreDVD extra” som inneheld ein del templates, grafikk og anna knask til bruk i EncoreDVD
  • “Squeeze” som inneheld ei liste over autorisasjonskodar for Sorenson Squeeze

Kategoriar: Generelt · Tips · Unity

“All settings” for å sjå alle “Deck Configuration”

tysdag, 5. desember, 2006 · Kommenter innlegget

Det er mange som “slit” med at dei ikkje finn “Deck Configuration” for alle VB-typane som er på førehand definert i systemet.

Dette skjer fordi “Active settings” er valgt i staden for “All Settings”

all.jpg

  1. Trykk på “Hamburgermenyen”(“Fast Menu”) i “Settings”-fanen
  2. Trykk til venstre for “All Settings” for å setja ei hake der

Dette vil gjera at alle tilgjengelege settingar for dei ulike kategoriane vert synlege.

Kategoriar: Avid MC Adrenaline · Avid Studio · Redigeringsrom · Tips

Sakna referansesignal under utspeling frå ProTools

fredag, 1. desember, 2006 · Kommenter innlegget

(Ref. posten under)

Om dé får ei tilsvarande feilmelding når dé skal spela ut lyd frå ProTools til VB med Machine Control

  • Bruk matrisa til å gje VB’en eit videosignal inn som har referanse, t.d. “BLACK”

Kategoriar: ProTools · Tips

Sakna referansesignal under utspeling frå Avid 2 og 3

fredag, 1. desember, 2006 · Kommenter innlegget

ref.jpg

Årsaka til dette er at Avid MC Adrenaline ikkje er sett opp til å jobba i høve til hus-referanse(Gen-lock).

Dette er lett å endra:

  • Under “Tools” i Avid finn dé “Video Output tool”
  • Nokså langt nede i “Video Output Tool” finn de “Output sync lock”
  • Denne skal vera sett til “Reference“, ikkje “Internal”.

output_tool.jpg

Det ser ut til at “Internal” av ein eller annan grunn er standard-verdi på denne innstillinga. Om eg finn ut ein måte å endra på det skal eg gjera det.

Kategoriar: Avid MC Adrenaline · Redigeringsrom · Tips

AfterFX 7 og Avid AfterFX EMP

fredag, 24. november, 2006 · Kommenter innlegget

AFX7-logo

After Effects versjon 7 og Avid AfterFX EMP(ExternalMonitorPreview) er no installert i alle Avid-rom.

For å aktivera EMP i AfterFX går dé på Edit->Preferences->Avid external monitor settings->Output format->PAL->OK

Kategoriar: Hurra! · Multimedia · Redigeringsrom · Tips

“Output mode” under utspeling frå Avid MC Adrenaline

torsdag, 23. november, 2006 · Kommenter innlegget

Problem: Det kjem berre rosa signal inn til VB i samband med ”Digital cut” 

Output mode skal vera “RT DNA“, ikkje “RT DV25″

 rt-dna.jpg

Kategoriar: Avid MC Adrenaline · Redigeringsrom · Tips