Kategoriarkiv: Redigeringsrom

Digital Cut

digitalcutknappen.jpg

Erfaring har synt at det er mykje fortviling og desperasjon i høve til det å få til “Digital Cut” på eit anstendig vis. Graden av fortviling og desperasjon er som regel omvend proporsjonal med kor lang tid det er att til den aktuelle innleveringsfristen. 

På bakgrunn av det har eg skreve fylgjande instruksjon: digitalcut.pdf

Eg vil anbefala alle å lesa grundig gjennom dette no med ein gong og så minst ein gong pr. semester, noko som strengt tala gjeld alt eg skriv her!

Tilkobla USB- eller FireWire-diskar som ikkje dukkar opp

mycomputer.jpg 

 Det er mange som opplever at om ein koblar til t.d. USB-disk, minnepinne eller SoundDevices-opptakarane så dukkar dei ikkje opp slik at ein kan henta inn filer derifrå, eller kva ein no ynskjer gjera.

Årsaka er som regel at den tilkobla eininga legg seg som disk “F:”, som allereie er i bruk til Unity…

Eg har laga eit lite dokument som fortel kva de skal gjera for å fiksa problemet. Dette dokumentet finn du her: ProblemetMedUSB(.pdf-dokument)

Nye Avid-versjonar – nytt om prosjekthandsaming

avidlogginn.jpg

Samtlige Avid Studio-rom er no oppgradert til v5.7 og dei to Media Composer Adrenaline-romma er oppgradert til v2.7.7

Noko som er nytt i høve til dei tidligare versjonane er kvar og korleis de lagrar og finn prosjekta dykkar.

Medan de før automatisk kom til dykkar eiga mappe på “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects” når de starta programmet og valde “Private” vil de i staden koma til  ei “Avid Projects”-mappe i ”My Documents” lokalt på den maskina de jobbar på.

Diverre er det ikkje noko vis å endra dette i oppsettet eller med lure registry-triks, så dette må me berre leva med!

Konsekvensen av dette vert at de må sjølve no ta ansvar for kvar de gjer av prosjekta dykkar og korleis de flyttar prosjekt frå ei maskin til ei anna.

Måtar å gjera dette på:

  • Bruk mappe-symbolet til høgre for “Folder”-feltet i “Select Project”-vindauga til å manøvrera dykk til “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects\[brukarnamn]” og jobb derifrå. Desse vil då fungera som “External”-prosjekt(dette er einaste vetuge måten om fleire skal jobba med same prosjekt samstundes)
  • Jobb lokalt med “Private”-prosjekt og flytt prosjekt-mappa med dykk på minnepinne om de skal til eit anna rom. Når de skal byta rom kopierer de prosjektmappa frå ”My Documents\Avid Projects” på eine maskina til minnepinne og derifrå inn i “My Documents\Avid Projects” på neste maskin(slett eller byt namn på gamal versjon som eventuelt allereie ligg der fyrst…)
  • Jobb lokalt, som i punktet over, men bruk “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects\[brukarnamn]” som mellomlagring ved flytting i staden for minnepinne. Viktig her og å sletta eller byta namn på gamal versjon av prosjektmappa fyrst.

I alle høve er det fortsatt like viktig som før å sjølve sørga for å ha ein back-up!

Det er heller ikkje tilrådeleg å basera seg på å ha prosjekta liggande i “My Documents” og berre jobba på den eine maskina og tru at alt er greitt. Erfaringsmessig kan det oppstå omstende kor det er naudsynt å sletta alle lokale brukardata, inklusive “My Documents”

Nokre av maskinane(rom 15, 17 og 18) har fått nyinstallert WinXP og fylgjeleg må de alle laga nye brukarar for dykk sjølve med å logga inn som “Oppstart” fyrst i desse romma

Anna nytt i Avid-romma

  • ProToolsLE er no v7.3
  • Avid har no ein eigen “Import P2″ for import av P2-opptak, anten direkte frå kort eller via mellomlagring på harddisk
  • Adobe “Design Premium CS3″ er installert med fylgjande komponentar: PhotoShop, Flash Professional og Flash Video Encoder
  • Adobe “Encore CS3″ er installert
  • Sorenson Squeeze er oppgradert til v4.5

Back-up av Avid-prosjekt

back-up.jpg

  • Start ”My Computer”

  • Finn prosjektet ditt, som er ei mappe med same namn som prosjektnamnet. Det skal ligga under F:\\Avid Projects\Ditt namn\… (Om du ikkje finn det der har du lagra det ein annan stad, og då må du leita…)
  • Kopier denne mappa til minnepinne e.l.
  • Ta den med deg…

 Dette bør du gjera…

  • …når du er ferdig med ei økt
  • …når du tek lunsj
  • …når du føler for det 

Med ein back-up kan prosjektet reddast sjølv om ein skulle oppleva ein alvorleg disk-krasj eller om noko anna utriveleg som sletter prosjektet skulle skje…

Keyboard-settingar i Avid

keyboard.jpg

Då dé flyttar dykk mellom ulike Avid-versjonar som har ulike tastatur-utformingar med omsyn på hurtigtastar vil ikkje alltid tastaturoppsettet stemma med kva tastatur dé har foran dykk.

No har eg ordna til to på-førehand-definerte settingar som dé kan legga inn på brukarane dykkar(keyboard-settinga er brukar-relatert). Måten dé gjer dette på er som fylgjer:

  • Trykk på Settings-fanen i Prosjektvindauga
  • Velg FileOpen Settings file
  • Navigér til rota på F:\\[AProsjekter] og velg fila Keyboardsettings.avs
  • Merk dei to settingane dé då får opp og dra dei over og inn mellom dei andre settingane
  • Dé vil få spørsmål om desse nye settingane skal erstatta aktive settingar eller leggast til(“Add” eller “Replace”)…kan gjerne velja “Add”

Resultatet av denne handlinga er at dé har fått knytt til brukarane dykkar settingar som høver til tastatura i Avid Studio eller Avid MC Adrenaline og som dé kan velja mellom på same vis som dé veljer Deck Configuration

Det kjem opp ei obligatorisk informasjons-åtvaring om dé skifter Keyboard-setting, men denne er det berre å svara “OK” på

Feil ved QT-export

qtfeil.jpg

Om dé får feilmeldinga over når dé skal gjera ein “QT-Same-As-Source”-eksport i Avid er årsaka ein inkompatibilitet mellom Avid og QT v.7

Så langt var det rett, men løysinga me i fyrste omgang fann på dette synte seg å skapa problem når QT-fila skulle importerast for bruk i ProTools som ikkje likte stoda med nedgradering til QT v.6.5.2.

Sindre og Hallgeir jobba intenst med saka og kom opp med fylgjande løysing på problemet:

Eksportér med PAL DV på Custom innstillingar

Då vil ein kunna eksportera frå Avid og importera til ProTools, båe delar med QT v.7 installert.

Altså må alle maskinar som har fått QT v.6.5.2 få attende QT v.7. Installasjonsfil for dette finst i ei eiga mappe under “Fellesmateriale” på Unity.

Antivirus på Avid-maskinane

antivirus.jpg

Eg har no installert antivirusprogrammet Nod32 på samtlige Avid-maskinar.

Det vil ikkje få nokre praktiske konsekvenser for brukarane, så dette er meir til info.

Nod32 er rekna som eit av dei beste antivirusprogramma på marknaden.

“Deck Configuration”

no_deck.jpg

Ser på det jamne ut til å vera litt trøbbel for mange med å få styring på VB-maskinane i Avid-romma.

Her er redninga! Les og unngå trøbbel!!!

Dokumentet(“All hands on deck.pdf”) er og tilgjengeleg på Unity under “Fellesmateriale\Systemblogg-filer”

Eg har og prenta ut eit eksemplar til kvart rom. Dei kan godt få ligga der ei stund…

Squeeze-kodar

sorenson_media.gif

Eg har no klistra ein lapp med aktiveringskoden for Sorenson Squeeze under monitoren i alle Avid-rom.

I tillegg ligg desse kodane som liste under “Fellesmateriale” på Unity.

Ny samling med Avid-tips

avidlogo.gif

Eg har lagt til ei eiga side med Avid-tips.

Dette er kopi av ting eg tidligare har lagt ut på it’s-learning under “Studie INFO” – “AVID”.

Eg har óg lagt dei inn i ei mappe under “Fellesmateriale” på Unity.

Velgar for VB i små-romma

firewiresvitsj.jpg

Eg har no sett inn ein “Firewire A/B Switch” oppå kvar av VB’ane i skåpa til dei 8 små-romma.

Med desse kan dé velga kva for eit rom som skal ha kontroll med VB’en.

Om dé ikkje får kontakt med VB etter at velgaren er brukt(Det står “I/O ERROR” eller “NO DECK” i staden for tidskode og maskinnamnet står i kursiv) trykker dé på maskinnamnet og velger “Check Decks“ nedst i menyen som då dukkar opp.

checkdecks.jpg

Om det fortsatt ikkje funker: Sjekk om dé har vald rett “Deck configuration”, rett rom med velgaren eller rett studium…

HD-monitor i Avid3

hdmonitor.jpg

Avid3(ØU-06) er no utstyrt med HD-monitor.

Dette for at det skal vera mogleg å redigera materiale i HD-kvalitet der.

Monitoren(Panasonic BT-LH2600WE) er multistandard, har innebygd WFM-skop, lydnivå-meter på skjerm(frå “Embedded Audio” – må vera slått på i Avid) om ynskjeleg og har fylgjande inngangar tilgjengeleg:

  • “VIDEO” – Composite, frå Matrise
  • “SDI 1″ – SD SDI, frå Matrise
  • “SDI 2″ – HD SDI, frå Avid

Den har 5 funksjonsknappar som kan programmerast til ulike funksjonar. Det som ligg på desse knappane no er:

  1. Aspect - 16:9/4:3
  2. WFM – Av/på
  3. Levelmeter – 8ch/4ch/2ch/Av
  4. Pixel to pixel – Syner reell oppløysing på skjermen
  5. Pixel position – Velger utsnitt ved “Pixel to pixel”

“All settings” for å sjå alle “Deck Configuration”

Det er mange som “slit” med at dei ikkje finn “Deck Configuration” for alle VB-typane som er på førehand definert i systemet.

Dette skjer fordi “Active settings” er valgt i staden for “All Settings”

all.jpg

  1. Trykk på “Hamburgermenyen”(“Fast Menu”) i “Settings”-fanen
  2. Trykk til venstre for “All Settings” for å setja ei hake der

Dette vil gjera at alle tilgjengelege settingar for dei ulike kategoriane vert synlege.

Sakna referansesignal under utspeling frå Avid 2 og 3

ref.jpg

Årsaka til dette er at Avid MC Adrenaline ikkje er sett opp til å jobba i høve til hus-referanse(Gen-lock).

Dette er lett å endra:

  • Under “Tools” i Avid finn dé “Video Output tool”
  • Nokså langt nede i “Video Output Tool” finn de “Output sync lock”
  • Denne skal vera sett til “Reference“, ikkje “Internal”.

output_tool.jpg

Det ser ut til at “Internal” av ein eller annan grunn er standard-verdi på denne innstillinga. Om eg finn ut ein måte å endra på det skal eg gjera det.

PhotoShop…

…og så er det no PhotoShop v.9(CS2) i alle Avid-rom og dei to radioromma…

AfterFX 7 og Avid AfterFX EMP

AFX7-logo

After Effects versjon 7 og Avid AfterFX EMP(ExternalMonitorPreview) er no installert i alle Avid-rom.

For å aktivera EMP i AfterFX går dé på Edit->Preferences->Avid external monitor settings->Output format->PAL->OK

“Output mode” under utspeling frå Avid MC Adrenaline

Problem: Det kjem berre rosa signal inn til VB i samband med ”Digital cut” 

Output mode skal vera “RT DNA“, ikkje “RT DV25″

 rt-dna.jpg