Egil sin systemblogg

Innlegg kategoriserte som ‘ProTools’

ProTools-MAC’ane er no kobla til Unity

fredag, 8. desember, 2006 · 3 kommentarar

Dei er altså ikkje lenger kobla til korkje Universitetet sitt nettverk eller Verdsveven.

Flytting av filer mellom Avid-maskinar og ProTools skal no skje direkte via Unity

Ver merksame på fylgjande:

  • ProTools kan ikkje bruka Unity som lagringsmedium for lydfiler
  • Unity skal ikkje brukast som back-up-lagringsstad for ProToolsprosjekt

Fylgjande ikon finst no på skrivebordet: 

unitymac.jpg

Dobbelklikk på det for å kobla til Unity. Dé vil då få opp ein boks for innlogging. Skriv brukarnamnet dè har i Unity. Felta for passord og domene skal vera tomme.

Når dé er logga inn skal dé bruka valget “Connections” på menyen for å velja kva Unity-diskar dé ynskjer tilgang til. Tilkobla diskar dukkar opp på skrivebordet.

Flytting av filer mellom Unity og Universitetet sitt nettverk skjer som før på maskina i Apparatrommet.

PS: Nokon som veit korleis ein tek “screenshot” på ein MAC, jf “Print Screen”-knappen på ein PC?

Kategoriar: ProTools · Unity

Sakna referansesignal under utspeling frå ProTools

fredag, 1. desember, 2006 · Kommenter innlegget

(Ref. posten under)

Om dé får ei tilsvarande feilmelding når dé skal spela ut lyd frå ProTools til VB med Machine Control

  • Bruk matrisa til å gje VB’en eit videosignal inn som har referanse, t.d. “BLACK”

Kategoriar: ProTools · Tips