Eg har no kobla til og sett opp i patch og matrisesystemet eit par nye dingsar:
Streaming-PC
- Inngangane på denne er digitale og de finn dei som “Destination 32″ i videomatrisa og “Destination 6″ i audiomatrisa
- Det er configurert knappar i matrisepanel for styring av kjelde til Streaming på fylgjande stader: AR: monitor/kopi-panel; Regi – KK-panel(video) og Lydposisjon-panel(audio)
A/D-converter og Frame-synchronizer(biletet over)
Frame-synchronizeren sin jobb er å låsa eit signal som ikkje er synkront til systemet(GenLock) slik at det kan brukast i bilétmiks. Typisk bruk er i samband med Link, men den kan og brukast til å synkronisera kjelder som DVD, VHS eller eit eventuelt ekstra kamera. Sidan Frame-synchronizeren er digital må signalet frå ei analog kjelde konverterast, og det er A/D-converteren si oppgåve. Plassering i patch og matrise er som fylgjer:
- A/D-converteren er “Destinasjon 22″ i den analoge videomatrisa. Utgangen går til punkt 11 i det fjerde digitale patchfeltet og vidare derifrå til Frame-synchronizeren sin inngang(Skal ein synkronisera ei digital kjelde må den snorast inn der)
- Frame-synchronizeren sin utgang er “Source 24″ i den digitale videomatrisa
- Det er configurert knappar i matrisepanel for styring av kjelde til A/D-converter og Frame-Synchronizer i AR: monitor/kopi-panel. Frame-synchronizer som kjelde finn ein i AR: monitor/kopi-panel og Bilétmiks-panel
Ekstern kjelde – “EXT.”
Eg har laga faste tilkoblingspunkt på baksida av Rack3 i AR for tilkobling av t.d. Link. Desse punkta finn de under den nedste VB-maskina. Det er to XLR i eit eige panel og BNC-pluggen øvst til høgre i BNC-tilkoblingsfeltet rett under. Plassering i patch og matrise er som fylgjer:
- Videosignalet er “Source 24″ i den analoge videomatrisa medan lyden finnast i analogt patchfelt(litt til høgre for midt på felt nr 2) og må snorast til der ein vil ha han
- Det er configurert knappar i matrisepanel for å bruka “EXT.” som kjelde på fylgjande stader: AR: monitor/kopi-panel; Regi: KK-panel og Lydkontroll: Video-panel(det til høgre)
NB! Sidan Frame-synchronizeren legg inn ei variabel forseinking på mellom 1 og 2 frames må ein sjekka om lyd og bilete er merkbart ute av synk og ev. legga inn ei høveleg forseinking(“Delay”) på lyden i lydmikser


