Kategoriarkiv: Generelt

DV-band-åtvaring

SONY dvm60

Banda av typen dé ser over er involverte i mykje problem

Folk med slike band har opplevd RF-alarm og ubrukelege opptak i fleire kamera, utan at det kan  forklarast med manglande reinsing, og eit slikt band skapte store “machine-control”-problem i høve til ProTools då det ikkje lot seg spela av på vanleg vis.

Kva som er årsaka veit eg ikkje. Problemet har så langt berre synt seg i VB-maskinane og store kamera(500 & 570). Desse kan óg ta store kassettar. Mykje kan tyda på at problemet er mekanisk og relatert til bandføringa. Eg har ikkje fått melding om at det er problem i små kamera.

Eg veit at desse banda er billige og at studentar har dårleg råd, men for dykkar eigen del: Ikkje bruk dei til råopptak i store kamera eller som master-band!

…no vert eg vel saksøkt av SONY…

Ny samling med Avid-tips

avidlogo.gif

Eg har lagt til ei eiga side med Avid-tips.

Dette er kopi av ting eg tidligare har lagt ut på it’s-learning under “Studie INFO” – “AVID”.

Eg har óg lagt dei inn i ei mappe under “Fellesmateriale” på Unity.

Nyttig og informativt på Unity

fellesmatriale.jpg

I “Fellesmateriale” på Unity  har eg no lagt inn to nye og nyttige mapper.

Den eine er ein kopi av mappa “Manualer” som elles óg ligg på “:\\Betty\medie\”. Den andre, “Systemblogg-filer”, er ei samling med pdf-versjonar av nyttige postar frå denne bloggen.

Frå før av ligg fylgjande kjekke ting her:

  • “EncoreDVD extra” som inneheld ein del templates, grafikk og anna knask til bruk i EncoreDVD
  • “Squeeze” som inneheld ei liste over autorisasjonskodar for Sorenson Squeeze