
No er semesteret over og det er på tide med ny rydderunde slik at me kan starta hausten med litt god plass på Unity
Me kjem til å foreta sletting i slutten av veke 24. De må alle sørgja for å gje attendemelding på ting som overhovudet ikkje under noko omstende må slettast. Fristen for dette er onsdag 10/6.
Denne fila, UnityJuni09, er ei liste over prosjekt som har mediefiler liggande på Unity. Alle mediefiler frå prosjekt som står på denne lista vil verta sletta om eg ikkje får attendemelding på mail om at dei ikkje skal slettast(jf fristen 10/6). Eg gjer attendemelding med stadfesting på slike mailar slik at de kan vera viss på at det er notert.
NB! Prosjekt som ikkje står i lista vil ikkje få sletta mediafiler
Dette gjeld samtlege, både tilsette og studentar!!!
Det vil og verta sletta all data som ligg rundtomkring i dei ulike mappene på Unity og alle lokale filer på PC’ar i redigeringsromma.
Som vanleg ved semesterslutt vil eg og rydda vekk alle prosjektfiler på “A_prosjekter”. Eg tek ein back-up av innhaldet der som kan hentast fram om de ikkje har syrgja for eigen back-up.
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.