
No er det snart jul og eg kjem til å rydda opp i Unity slik at det er god plass når me går i gang att over nyttår
Eg kjem til å foreta sletting i slutten av siste veka før jul. De må alle sørgja for å å få spela ut, kopiert over eller gje attendemelding på ting som overhovudet ikkje under noko omstende må slettast. Fristen for dette er onsdag 17/12.
Det er 4 ulike “kategoriar” av filer som vil verta sletta:
1: Prosjektfiler
Alle prosjektfiler vil verta sletta, men ikkje før eg har teke ein back-up slik at ting de skal jobba vidare med kan verta henta fram att om det er naudsynt av di de har vore slappe og slurvete slabbedadskar og ikkje teke back-up sjølve…
2: Mediefiler
Sjå denne fila: unitydes08. Den er ei liste over prosjekt som har mediefiler liggande på Unity. Alle mediefiler frå prosjekt som står på denne lista vil verta sletta om eg ikkje får attendemelding på mail om at dei ikkje skal slettast.
3: Diverse filer på Unity
Alle filer som ligg lagra utanom Avid sine mediefilkatalogar vil verta sletta. Absolutt alle! De må sjølve sørga for å ta vare på det de har bruk for å ta vare på på CD’ar, DVD’ar eller eksterne harddiskar.
4: Filer lagra lokalt på PC’ar
Alt vil verta sletta
Det vil og verta rydda på harddiskane i lydrom og radiorom, ref. Sindre!
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.