
Samtlige Avid Studio-rom er no oppgradert til v5.7 og dei to Media Composer Adrenaline-romma er oppgradert til v2.7.7
Noko som er nytt i høve til dei tidligare versjonane er kvar og korleis de lagrar og finn prosjekta dykkar.
Medan de før automatisk kom til dykkar eiga mappe på “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects” når de starta programmet og valde “Private” vil de i staden koma til ei “Avid Projects”-mappe i ”My Documents” lokalt på den maskina de jobbar på.
Diverre er det ikkje noko vis å endra dette i oppsettet eller med lure registry-triks, så dette må me berre leva med!
Konsekvensen av dette vert at de må sjølve no ta ansvar for kvar de gjer av prosjekta dykkar og korleis de flyttar prosjekt frå ei maskin til ei anna.
Måtar å gjera dette på:
-
Bruk mappe-symbolet til høgre for “Folder”-feltet i “Select Project”-vindauga til å manøvrera dykk til “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects\[brukarnamn]” og jobb derifrå. Desse vil då fungera som “External”-prosjekt(dette er einaste vetuge måten om fleire skal jobba med same prosjekt samstundes)
-
Jobb lokalt med “Private”-prosjekt og flytt prosjekt-mappa med dykk på minnepinne om de skal til eit anna rom. Når de skal byta rom kopierer de prosjektmappa frå ”My Documents\Avid Projects” på eine maskina til minnepinne og derifrå inn i “My Documents\Avid Projects” på neste maskin(slett eller byt namn på gamal versjon som eventuelt allereie ligg der fyrst…)
-
Jobb lokalt, som i punktet over, men bruk “F:\\A_PROSJEKTER\Avid projects\[brukarnamn]” som mellomlagring ved flytting i staden for minnepinne. Viktig her og å sletta eller byta namn på gamal versjon av prosjektmappa fyrst.
I alle høve er det fortsatt like viktig som før å sjølve sørga for å ha ein back-up!
Det er heller ikkje tilrådeleg å basera seg på å ha prosjekta liggande i “My Documents” og berre jobba på den eine maskina og tru at alt er greitt. Erfaringsmessig kan det oppstå omstende kor det er naudsynt å sletta alle lokale brukardata, inklusive “My Documents”
Nokre av maskinane(rom 15, 17 og 18) har fått nyinstallert WinXP og fylgjeleg må de alle laga nye brukarar for dykk sjølve med å logga inn som “Oppstart” fyrst i desse romma
Anna nytt i Avid-romma
ProToolsLE er no v7.3 Avid har no ein eigen “Import P2″ for import av P2-opptak, anten direkte frå kort eller via mellomlagring på harddisk Adobe “Design Premium CS3″ er installert med fylgjande komponentar: PhotoShop, Flash Professional og Flash Video Encoder Adobe “Encore CS3″ er installert Sorenson Squeeze er oppgradert til v4.5
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.