Egil sin systemblogg

Dei nye myggane

onsdag, 16. mai, 2007 · Kommenter innlegget

dpa.jpg

No når dei nye DPA/Mipro mygg-setta(nr 13 – 16) er sett i drift tenkte eg det var på sin plass med eit par ord om korleis dei, med alle sine deler, skal vera plassert i dei nye veskene

 dpabag.jpg

Innhaldet skal vera organisert som fylgjer, jf figuren over:

  1. Sendar
  2. Mottakar
  3. 2 stk kabel, overgang frå mottakar til XLR-han. Ein kort og ein noko lengre
  4. Manual bak lomme
  5. Lomme med mygg(m/klype), 2 stk antenner(til mottakar), “humle”(pels til mygg), XLR-overgang(for å bruka myggen utan sendar/mottakar)
  6. Straumforsyning m/apparatkabel til mottakar, om ein vil spara litt på batteribruken

Eit par ord om bruken:

  • Innstilling av frekvens/kanal skjer på mottakaren. Informasjon om kanal overførast infraraudt til sendaren med å trykka knappen “ACT” på mottakaren og så halda den slik at toppen vender mot framsida av sendaren
  • Skal ein bruka XLR-overgangen til myggen må ein skru av ein liten overgang som er på enden av mygg-kabelen fyrst. Legg denne rett oppi lomma i veska(ikkje i bukselomma eller på bordet eller kameraveska eller…) slik at den ikkje vert vekke. Sørg for at den vert sett attende på plass før innlevering
  • Batteri-lokket på mottakaren er litt vondt å få av. Den enklaste måten er å bruka begge hender og skyva det opp med tomlane på begge sider samstundes

Kategoriar: Mikrofonar

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget