Egil sin systemblogg

DV-band-åtvaring

fredag, 11. mai, 2007 · Kommenter innlegget

SONY dvm60

Banda av typen dé ser over er involverte i mykje problem

Folk med slike band har opplevd RF-alarm og ubrukelege opptak i fleire kamera, utan at det kan  forklarast med manglande reinsing, og eit slikt band skapte store “machine-control”-problem i høve til ProTools då det ikkje lot seg spela av på vanleg vis.

Kva som er årsaka veit eg ikkje. Problemet har så langt berre synt seg i VB-maskinane og store kamera(500 & 570). Desse kan óg ta store kassettar. Mykje kan tyda på at problemet er mekanisk og relatert til bandføringa. Eg har ikkje fått melding om at det er problem i små kamera.

Eg veit at desse banda er billige og at studentar har dårleg råd, men for dykkar eigen del: Ikkje bruk dei til råopptak i store kamera eller som master-band!

…no vert eg vel saksøkt av SONY…

Kategoriar: Generelt

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget