
Då dé flyttar dykk mellom ulike Avid-versjonar som har ulike tastatur-utformingar med omsyn på hurtigtastar vil ikkje alltid tastaturoppsettet stemma med kva tastatur dé har foran dykk.
No har eg ordna til to på-førehand-definerte settingar som dé kan legga inn på brukarane dykkar(keyboard-settinga er brukar-relatert). Måten dé gjer dette på er som fylgjer:
- Trykk på Settings-fanen i Prosjektvindauga
- Velg File – Open Settings file
- Navigér til rota på F:\\[AProsjekter] og velg fila Keyboardsettings.avs
- Merk dei to settingane dé då får opp og dra dei over og inn mellom dei andre settingane
- Dé vil få spørsmål om desse nye settingane skal erstatta aktive settingar eller leggast til(“Add” eller “Replace”)…kan gjerne velja “Add”
Resultatet av denne handlinga er at dé har fått knytt til brukarane dykkar settingar som høver til tastatura i Avid Studio eller Avid MC Adrenaline og som dé kan velja mellom på same vis som dé veljer Deck Configuration
Det kjem opp ei obligatorisk informasjons-åtvaring om dé skifter Keyboard-setting, men denne er det berre å svara “OK” på
0 kommentarar so far ↓
There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.