Egil sin systemblogg

ProTools, Machine Control og VITC

fredag, 30. mars, 2007 · Kommenter innlegget

deck.jpg

Det har vore eit slit for mange å jobba med MachineControl i ProTools i det siste.

Fyrst må eg nemna at det er ser ut til å vera ein feil i patchfeltet(i sjølve dingsen) som gjer at me ikkje får TC ut av VB2 der. For å retta på dette må eg plukka det ut og demontera det. Uvisst no kva tid eg får tid til dette…kan vera ein stor jobb…

Så var det det med VITC:

Om ein syrgjer for at det kjem VITC ut av VB’en treng ein ikkje snora inn TC til lydromma(og då gjer ikkje problemet over noko).

For å få VITC på bandet må VITC vera slått på når du speler ut frå Avid. På VB1 er det ein knapp under panelet(til høgre for resten av TC-knappane). På VB2 gjer du dette i meny: “SETUP MENU”->”TIME CODE”->VITC

For å få VITC ut av maskina om det ikkje er VITC på bandet er dette og mogleg: På VB1 kan du sjekka og ev. endra settinga for dette i menyen: ”613 VITC output“(bruk jog/shuttle-hjulet til å rulla opp og ned i lista over settingar og hald inne “SEARCH”-knappen medan du brukar jog/shuttle-hjulet når du skal endra noko). På VB2 finn du dette og under “TIME CODE”-menyen. Vala du kan gjera her er “OFF”, “TC” og “VITC”.

Kategoriar: Lydrom · VB

0 kommentarar so far ↓

  • There are no comments yet...Kick things off by filling out the form below.

Kommenter innlegget