For å kunna starta opp hausten med ryddig og fin Unity vil eg ta ei sletterunde i veke 23
Sletting vil skje torsdag 10/6. De må alle sørgja for å gje attendemelding på ting som overhovudet ikkje under noko omstende må slettast. Fristen for dette er onsdag 9/6.
Denne fila, UnityJuni10, er ei liste over prosjekt som har mediefiler liggande på Unity. Alle mediefiler frå prosjekt som står på denne lista vil verta sletta om eg ikkje får attendemelding på mail om at dei ikkje skal slettast(jf fristen 9/6). Eg gjer attendemelding med stadfesting på slike mailar slik at de kan vera viss på at det er notert.
NB! Prosjekt som ikkje står i lista vil ikkje få sletta mediafiler
Dette gjeld samtlege, både tilsette og studentar!!!
Det vil og skje ei altomfattande sletting av alle filer og mapper som ligg lagra rundtomkring utanom mediefilene.
NB! Samtlege prosjektfiler i Avid Projects vil verta sletta – men eg tek back-up av heile mappa fyrst, så desse kan hentas fram att på førespurnad.
I tillegg vil all lokalt lagra data i dei ulike produksjonsromma verta sletta, jf. mail frå Sindre. Her sletter me og alt av Avid Mediefiler og alt som ev. ligg lagra under kvar enkelt sin brukarkonto(“My Documents” og “Desktop”, t.d.)
































